M/KR Båregutt

M/KR Båregutt BÅREGUTT er ei skøyte bygd i 1967 på Rognan. Eies og driftes av Stig Morten Halland. Her blir det lagt ut bilder av turer med båten, vedlikehold og oppussing.

kjekt for dei som interesserer seg for gammal trebåt!

EM i havfiske 2025 på Fedje🎣
09/08/2025

EM i havfiske 2025 på Fedje🎣

I mai måned 2023 tok me turen til Ornes for vårpussen, pluss litt reparasjon og vedlikehold under vannlinja. Me skulle o...
20/02/2024

I mai måned 2023 tok me turen til Ornes for vårpussen, pluss litt reparasjon og vedlikehold under vannlinja. Me skulle også lime inn lister i alle nater under vatn.

Båregutt har i mange år vore plaga med litt lutråte rundt propellhylsa, og antydning rundt gjennomføringar i botnen.
Når me begynte å plukka i det var det selfølgelig verre enn først antatt, å det resulterte i meir arbeid...

Det vart funne ein del lut rundt fundamentsboltar også. Derfor måtte motor demonterast og halast fram. Deretter vart motorramma tatt ut, å dei langsgåande fundamentstokkane under måtte skiftast. Eg fekk sandblåst og galvanisert motorramma i samme slengen.

Det har blitt skifta spant der propellhylsa kom inn i maskinrommet.
Alle skrog-gjennomføringar og kjølesløyfe har vert ute og sjekka.
Kjølbord vart også tatt ut, og kjølen reingjort.

For at ein skal kunna lima inn lister i skroget må skroget vera tørt. Men når båten var tørka nokon månader begynte andre bord i botnen å løsna, og ein kunne sjå at spikaren var tært ein god del.

Så då vart det bora nye hol, å heile botnen vart skrudd opp igjen med 900 syrefaste skruar...

No har me fått alt på plass igjen, å fått primer og bunnstoff på. No skal båten sjøsettast før motor blir retta opp igjen mot propellaksel. Så går turen heimover igjen, etter ca et år på slippen

Men etter denne jobben må båten omtrent reknast som et nybygg😅

Me satsar på ein billegare og meir normal vårpuss neste år...😉

Lindesnes fyr🤩
18/09/2022

Lindesnes fyr🤩

Sommarferien har offisielt starta, å kursen er satt mot sør😎 Me skal mot Kristiansand for å delta på Kystens Landstreff ...
19/07/2022

Sommarferien har offisielt starta, å kursen er satt mot sør😎 Me skal mot Kristiansand for å delta på Kystens Landstreff på bragdøya.
Reisefølget er vennar og familie ombord på Jan Bjørn frå Alverstraumen Kystlag.

Me hadde store planer om å få slippa Båregutt, å tatt skrogpussen før avreise, men i ein hektisk kvardag, å mykje dårlig vær så vart det ikkje til. Me får ta det igjen sia.

I skrivande stund passera me Lista fyr i solskinn, å nermar oss Norges sørligste pungt, Lindesnes.
Så langt sør har vel antagelig ikkje denne båten vert før?😎

Fleire bilete og oppdateringer kjem undervegs👍

Den siste tida har gått med til å spyle vekk gammal maling under bakken, og egnerhus.Så har me fått malt dette, pluss de...
17/09/2021

Den siste tida har gått med til å spyle vekk gammal maling under bakken, og egnerhus.
Så har me fått malt dette, pluss den nye rekka på babord side. Det blir no brukt skikkelige 2k produkter, så det holder seg fint i mange år framover👌 Begynner virkelig å sjå resultater no🤩 Det blir flott👍

I helga har me fått henta heim igjen båregutt👍 eit smykke av ein båt no🤩 no ventar maling og montering av mast igjen👍
20/06/2021

I helga har me fått henta heim igjen båregutt👍 eit smykke av ein båt no🤩 no ventar maling og montering av mast igjen👍

Båregutt begynner virkelig å ta form igjen🤩No er arbeid med skrog og dekk ferdig, og godt Impregnert med terpentin👌 Litt...
29/03/2021

Båregutt begynner virkelig å ta form igjen🤩

No er arbeid med skrog og dekk ferdig, og godt Impregnert med terpentin👌 Litt garnering gjenstår i lasterommet. Meget flott utført arbeid av karane på Ornes Båtbyggeri.👍

Den gamle rorhylsa var godt rusta svart stål og totalt utslitt oppe... Der var heller ingen form for smøring på den.🥴

I helga fekk me montert den nye rorhylsa i syrefast stål med ny fòring i messing.
No har eg bora ut akslinga og montert smørenippel på toppen.
Plata til styremaskina har eg sandblåst og malt opp ingen. Den vart montert med tjærefilt og ekstra tjære under.👍 Roret har også komt tilbake på plass.

God for 100 nye år🤪

Liten oppdatering frå Ornes Båtbyggeri🤩Dei første månedene av 2021 har hatt med seg god tørke for båten. Det har gjort a...
17/02/2021

Liten oppdatering frå Ornes Båtbyggeri🤩

Dei første månedene av 2021 har hatt med seg god tørke for båten. Det har gjort at trearbeidet på Båregutt kunne gjennomførast under flotte forhold👍
Skutesida begynner å ta form igjen😍
Nye spant, samt ein dekksbjelke er montert, og skutesida blir i desse dagar kledd opp med ny flott furuplank👏 Nytt dekk, og ny rekke står for tur😎

Det har vert lite aktivitet i og rundt båten dette året. Ingen arrangement eller lignende har vert mulig å gjennomføre g...
21/11/2020

Det har vert lite aktivitet i og rundt båten dette året. Ingen arrangement eller lignende har vert mulig å gjennomføre grunna Corona...

Men

Etter diverse klargjøring og demontering av styring har me igjen tatt turen til Ornes Båtbyggeri for reparasjon av babord skuteside, og utskifting av store deler av dekket👍

Dekket var i dårlig forfatning under styremaskin, og inne i egnerhus. Det blir også skifta 3 hudplank å et par spant.
Rekkestøtter blir fjerna, og ny rekke i Aluminium skal på plass også på denne sida👍

No er vi ferdig å demontera alt av plank som skal skiftast, og båten blir ståande å tørke til over nyttår før den blir bygga opp att.

Me har brukt nokon av desse finversdagane til å skifta litt dekksplank som var dårlig😎 dreva og nata med bek på gamlemåt...
26/04/2020

Me har brukt nokon av desse finversdagane til å skifta litt dekksplank som var dårlig😎 dreva og nata med bek på gamlemåten.
Me har også fått slipt å olja alt som er ferdig på styrbord side🤩👍
Babord side vart ikkje prioritert i denne omgang, for her skal me ta ein større jobb til vinteren igjen.
Det viktigste no er å holda dekket tett, og bruka båten slik den skal brukast🤓

Sist helg hadde me oss ein flott tur til Øygarden  å satt ut et par liner👍Her fotografert på Nordøy.Med et par kveite, e...
16/04/2020

Sist helg hadde me oss ein flott tur til Øygarden å satt ut et par liner👍
Her fotografert på Nordøy.

Med et par kveite, ein bra torsk å nokre hyser, va middagen berga🤩

I desse trasige tider er det greit å kunna rota litt i maskinrommet☺️Me har tatt iferd med arbeidet å fjerna gammalt hyd...
16/03/2020

I desse trasige tider er det greit å kunna rota litt i maskinrommet☺️
Me har tatt iferd med arbeidet å fjerna gammalt hydraulikksystem, for å erstatta detta med nåke litt mindre og enklare. Snart skal kraftblokk og hendlar på plass igjen ute på rekka👍
No som det har blitt tørt og fint i lasterommet, kan eg også skrapa og mala garneringa, og få orden på ledningar og slangar her🤩👌

Adresse

Mangersnesvegen
Manger
5936

Telefon

+4748124752

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når M/KR Båregutt legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til M/KR Båregutt:

Del