29/06/2026
Bilinteressert? 🚗 Då bør du ta eit besøk hit mens du er i Sogn! På Kaupanger, ein liten køyretur frå Lærdal, ligg eit heilt unikt museum: Bjarne Lerums Bilmuseum.
I 1952 fekk Lerum sin aller første bil. Ford V8 vart starten på Bjarne Lerum si interesse for bilar. Han var 3. generasjons Lerum og teknisk direktør i familiebedrifta.
Heilt fram til sin død i 2010 samla og restaurerte Bjarne bilar. Denne samlinga utgjer i dag Bjarne Lerums Bilmuseum på Kaupanger.
Me veit at mange av gjestane til hotellet vårt i Lærdal er bilinteresserte, og håpar mange tek turen innom her i sommar. Faste opningstider i juli og august, elles etter avtale 🤝
(Foto: Bjarne Lerums Bilmuseum)