16/08/2026
‼️SKULESTART OG PARKERING‼️
Kjære elev, lærar, ansatt og besøkande til Førde VGS. I morga startar eit nytt skuleår på storskulen. Ein skule fylkeskommunen valgte å bygge uten parkeringsplassar - det kan ikkje gå utover oss naboane. Vi vil informere om at parkeringsplassane vist på bildene høyrer til leigetakarar av Øyrane1. Alle oppmerka plassar rundt bygget, samt heile svingen mot rundkøyringa. Førde Bilsalg, Hurtigruta Carglass Førde, BB Service System og Nor Tekstil betalar for desse plassane, for våre kundar og ansatte. Ta gjerne kontakt med oss om det er spørsmål ved dette. Lykke til med skulestart ☀️