09/06/2026
🌿 Flothyl Camping er godt i gang med sesongen! 🌞
Sjølv om campingen har vore open ei lita stund allereie, ønskjer me no både nye og tidlegare gjester hjarteleg velkomne til ein ny og flott campingsesong hjå oss 😊
I løpet av våren har sjefen sjølv vore i sving med småoppussing og fleire oppgraderingar i hytte 1. Med både oppgraderingar inne og etterkvart ny platting ut mot åi håpar me dette blir eit positivt løft for gjestene våre 🤩
Enten du ønskjer rolege dagar i naturskjønne omgjevnader, campingliv med familien eller ein liten helgetur, er du hjarteleg velkomen hjå oss 🏕️
Ta turen innom Flothyl Camping i sommar – me gler oss til å sjå dykk! ☀️
Du kan enkelt booke opphald sjølv på flothylcamping.no 😊