25/09/2026
❤️🥹Me legg no ut den vesle, sjarmerande setra vår på Bruvikdalen(Osterøy)for sal – eit ekte stykke historie, og ein fredfull plass midt i vakker natur.
Adresse: Båtaleitshaugen 5, 5285 Bruvik
🙏Vidare i teksten fortel me om setra. Set pris på deling av dette innlegget, slek at me kan finna den rette eigaren til denne vakre setra❤️
🏠Setra har eit BRA på 32 m², opphavleg bygd i 1900, med eit lite påbygg som truleg kom rundt 1965. Alt ligg på eitt plan. Inngangsdøra fører inn til ein koseleg entré, vidare inn til stovo og lite kjøkken. I enden av stova er det dør inn til to soverom, begge med 2 etasjesenger. I tillegg står det ny sovesofa i stovo, slek at fleire kan overnatte. Alle innemøblar følgjer med.
☀️Setra har nytt 12V solcellesystem, vedomn til oppvarming og kaldt vatn i springen via 20‑liters kanner som blir kopla til. Det finst eit enkelt bad på utsidaav hytto med campingdo og vask med fotpumpe. Ute er det også vedbod med plass til ved og reiskapar.
😊Det er god mobildekning.
⛰️Utsikta frå både stovo og soverom er rett mot flotte Bruviknipa, og solforholda er gode – med nydelege solnedgangar over fjellet.
🏠Setra ligg i eit lite hyttefelt med berre tre hytter, der vi eig ei av dei andre. Det er ca. 10 minutt å gå frå parkeringsplassen til hytta, på ein fin og tydeleg sti.
🚗Avstandar og nærtjenester:
Ca. 1 time frå Bergen sentrum med bil, og ca. 35 min til Arna.
8 min frå parkeringsplassen til Bruvik sentrum – med koseleg butikk open 07–24, samt eige rom for vask/tørk av klede.
Ca. 25 min til Lonevåg – med matbutikkar, frisørar, apotek, lege, klesbutikkar m.m.
⛰️Turmoglegheiter og opplevingar:
Fantastiske turar i området: Bruviknipa, Kossdalssvingane, Rispingen, Olsnessåta – og mange fleire.
På Osterøy finn du òg flotte plassar å besøkje: Havråtunet, Den grøne fabrikken, landhandelen i Mjøsvågen, Norlender, Fjordslottet, Tøsse bryggeri – og fem vakre kyrkjer som er verdt eit besøk m.m.
😊Tomt og historikk:
Det følgjer ingen tomt med setra, då ho ligg i Olsnesgardane sitt felles fjellbeite.
🐄Artig historie: Setra vart brukt av budeiene på Olsnes som overnattingsstad når dei skulle til fjells for å mjelka kyrne om somrane. Eit lite stykke levande kulturhistorie.
🤔Kvifor vi sel:
Vi har to hytter til, og ein liten gard å ta vare på, og tida strekk ikkje til å nytta/nyta alle plassane. Difor ønskjer me at nokon andre skal få gleda av denne fine setra, i staden for at ho står ubrukt mesteparten av tida❤️
Pris:
Marknadsverdien er 600 000 kr + omk., og setra blir solgt til høgstbydande over takst.
Send gjerne melding ved interesse, og om du ønskjer visning:
😊Eivinn Revheim: 906 47 840.