Ørsta Sjølvvask

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Ørsta Sjølvvask Innendørs sjølvvaskehall i Ørsta med fokus på kvalitet. Enkelt å bruke, med godt resultat kvar gong!

15/10/2026

❄️🌨️Vi går mot ei tid med mykje salt, sand og skit på vegane, og då er det ekstra viktig å få vaska meir enn berre det som er synleg.

Underspylaren vår har blitt godt teken imot av kundane, og det skjønar vi godt! Her får du spylt grundig under bilen, på område som elles kan vere vanskelege å kome til.

Ein rein bil er vel og bra, men det er minst like viktig å ta vare på det som er under! 💧

Underspylaren finn du i drop-in-hallen hos Ørsta Sjølvvask.

Bra resultat!✅
14/10/2026

Bra resultat!✅

14/10/2026

🤩🔥

13/10/2026

Vi har eit lite tips til deg som vil spare pengar på bilvask!🚘
Sjå videoen for meir informasjon⬇️😄

💙 1 000 FØLGJARAR!Vi har no passert 1 000 følgjarar her på Facebook, og det ønsker vi å markere med ein stor takk til al...
12/10/2026

💙 1 000 FØLGJARAR!

Vi har no passert 1 000 følgjarar her på Facebook, og det ønsker vi å markere med ein stor takk til alle dokke! 🙌

Det er utruleg kjekt å sjå kor godt Ørsta Sjølvvask har blitt teke imot, og vi set stor pris på alle som har besøkt oss, delt innlegga våre og støtta oss på vegen.

Som lokal familiebedrift betyr denne støtta ekstra mykje for oss!

Og vi er berre så vidt i gang!

Vi jobbar stadig med å utvikle tilbodet vårt, og snart står den nye bookinghallen klar. Vi gler oss til å kunne tilby endå fleire moglegheiter innan bilvask og bilpleie!

Tusen hjarteleg takk for støtta – vi gledar oss til fortsettinga! 💧

ØRSTA SJØLVVASK

VASKEKORT HOS ØRSTA SJØLVVASK – FÅ 20 % RABATT!Visste du at du kan spare pengar på bilvask med våre vaskekort?Ved kjøp e...
11/10/2026

VASKEKORT HOS ØRSTA SJØLVVASK – FÅ 20 % RABATT!

Visste du at du kan spare pengar på bilvask med våre vaskekort?

Ved kjøp eller påfylling av vaskekort med ein verdi på 3 000 kr eller meir, får du 20 % rabatt!

💳 Du betalar 2 400 kr
💦 Du får vaske for 3 000 kr!

Vaskekorta passar perfekt for både privatkundar og lokale bedrifter som ønsker å halde bilane reine året rundt.

Har du allereie vaskekort? Du får sjølvsagt same rabatt ved påfylling!

📩 Ønsker du vaskekort eller påfylling?
Send oss ei melding på Messenger eller e-post, så ordnar vi resten!

ØRSTA SJØLVVASK
Lokal bilvask. Skikkeleg kvalitet.

10/10/2026

🙌

VI INTRODUSERER NOKO HEILT NYTT HOS ØRSTA SJØLVVASK OG BULKUT!Vi tek no eit nytt steg og utvidar tilbodet vårt med noko ...
09/10/2026

VI INTRODUSERER NOKO HEILT NYTT HOS ØRSTA SJØLVVASK OG BULKUT!

Vi tek no eit nytt steg og utvidar tilbodet vårt med noko vi har gledd oss lenge til å presentere!

I desse dagar held vi på med den nye bookinghallen vår, som ligg vegg i vegg med Ørsta Sjølvvask sin eksisterande drop-in vaskehall🔥

Her etablerer vi eit moderne, oppvarma og velutstyrt lokale, tilrettelagt for deg som ønsker å ta bilvask og bilpleie til eit nytt nivå.

TO MOGLEGHEITER – SAME FOKUS PÅ KVALITET.

1. Ei vaskeoppleving på dine premissar✅

Snart kan du enkelt reservere din eigen oppvarma bilpleiehall direkte gjennom nettsida vår.

Her får du tilgang til profesjonelt vaskeutstyr, høgtrykkspylar, skum, støvsugar og utstyr for innvendig reingjering. Du får også moglegheit til å kjøpe avfetting.

Alt i ein oppvarma og skjerma hall, der du kan ta deg god tid og gi bilen den behandlinga den fortener.

Den eksisterande drop-in vaskehallen held sjølvsagt fram som før, slik at du kan velje mellom ein rask vask når det passar, eller ei meir omfattande bilpleieøkt i din eigen reserverte hall.

2. Profesjonell bilpleie – utført av oss!✅

Ønsker du heller å overlate arbeidet til nokon andre?

Gjennom samarbeidet mellom Ørsta Sjølvvask og BULKUT utvidar vi no tilbodet med bilpleie og klargjering, der vi tek hand om bilen din med fokus på kvalitet, detaljar og eit førsteklasses resultat.

Vi kan tilby:

• Grundig utvendig vask
• Innvendig reingjering og interiørrens
• Komplett klargjering før sal eller innlevering
• Lakkeringsfri bulkretting (PDR)
• Utbetring av steinsprut og mindre lakkskadar
• Restaurering av matte frontlykter

Tilbodet er retta mot både privatkundar, bedrifter og bilforhandlarar som ønsker eit profesjonelt resultat.

KVALITET LIGG I DETALJANE.✅

For oss handlar bilpleie om meir enn å få bilen rein. Det handlar om godt handverk, riktig utstyr og respekt for kvar enkelt bil.

Ønsker du at vi skal ta hand om bilen din?

Ta kontakt med Ørsta Sjølvvask via Messenger eller e-post. Fortel oss kva du ønsker utført, gjerne med nokre bilde, så kjem vi tilbake med ei vurdering og eit pristilbod.

Vi gler oss til å vise fram den nye bookinghallen og ønskje både nye og eksisterande kundar velkomne.🤩

Meir informasjon om opning og booking kjem snart.

ØRSTA SJØLVVASK × BULKUT

🏆 MÅNADENS KUNDE HOS ØRSTA SJØLVVASKFrå og med i dag køyrer vi i gang med Månadens kunde! 😎🚗💦 Dette blir noko vi skal ha...
03/10/2026

🏆 MÅNADENS KUNDE HOS ØRSTA SJØLVVASK

Frå og med i dag køyrer vi i gang med Månadens kunde! 😎🚗💦 Dette blir noko vi skal ha kvar einaste månad framover, med ein ny vinnar kvar månad! 🏆

Ta bilde eller video av bilen din når du er innom Ørsta Sjølvvask, legg det ut og tagg oss – eller send bildet direkte til oss på Messenger 📸

Når vi velger Månadens kunde ser vi blant anna på:

* Gode og kreative bilder/videoar 📸
* Kor ofte du er innom og vaskar 💦
* Korleis bilen ser ut etter vask 😎✨
* Aktivitet og tagging av Ørsta Sjølvvask

Det er altså ikkje nødvendigvis den dyraste eller råaste bilen som vinn – alle kan bli Månadens kunde! 🙌

På slutten av kvar månad kårer vi ein vinnar som får ein goodiebag med forskjellige bilpleieprodukt 🧽✨🚗
Bilen blir sjølvsagt også vist fram på sida vår! 😎

Vi startar i dag – så alle besøk frå no av tel med i kåringa av Månadens kunde! 🔥

Tagg eller send oss bildet på Messenger – så e du med! 💦🚗

Adresse

Melsgjerdet Industriområde
Ørsta
6154

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Ørsta Sjølvvask legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Ørsta Sjølvvask:

Snarveier

Del

Kategori