Maskinentreprenør A og J Bjordal

Maskinentreprenør A og J Bjordal Vi er din maskinentreprenør i ytre Sogn og Sunnfjord. A og J Bjordal AS har to tilsette, Atle og Jan Arild. Til saman har vi over 40 års erfaring innan bransjen.

Vi har god fagkompetanse innan anleggsarbeid og utfører graving, massetransport, muring, plastring, boring og sprengning. Jan Arild byrja som sjåfør på Volvo baklastar i grustaket til sin far Trygve i 1969-70. Trygve var på den tida gardbrukar og dreiv eige grustak. I 1973 kjøpte Jan Arild sin første maskin; ein ny Volvo 1240 hjullastar. Med den tok han oppdrag for Statens vegvesen. På byrjinga av

80-talet vart Bjordal Grus og Maskin stifta. Eit familieeigd selskap av Trygve, Jan Arild og Helge Bjordal. Bjordal Grus og Maskin (BGM) starta i 1984 med mobilt knuse- og sorteringsverk. Med dette utstyret i tillegg til ein moderne maskinpark vart det utført arbeid med damanlegg Nyset-Stedje-vassdraget i Årdalsfjella, utbetring av løypetrasè i Hemsedal skianlegg, utbygging ny løypetrasè i Grønndal i Hemsedal, knusing for Statens vegvesen på Vøringsfossen, utbygging av oljeterminalen på Kolsnes, og det største oppdraget til BGM: Utbetring av ny E39 Langeland-Skilbreid 1992-94. På den tida hadde BGM 18 faste tilsette. I 1994 avslutta BGM si entreprenørverksemd og gjekk over til stasjonert pukkverk med maskinar og utstyr i grustaket i Bjordal. Jan Arild heldt fram som entreprenør. Atle er son til Jan Arild og byrja å arbeide i pukkverket i Bjordal i 1996. I 2006 vart A og J Bjordal AS stifta.

Adresse

Bjordal
5962

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Maskinentreprenør A og J Bjordal legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Maskinentreprenør A og J Bjordal:

Snarveier

Del